Snakkast på fjorden!
vindkraft - årekraft - meistringskraft - bærekraft
Prosjektet Snakkast på fjorden 2019 er kome i stand via aktiviseringsmidlar til frilufslivsføremål frå Miljø- og klimadepartementet, løyvd av Hordaland Fylkeskommune. Prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen og Omland Friluftsråd, Coastering AS, FN-sambandet, Lei en biolog, Folkeakademiet i Hordaland, Nordhordland Biosfæreområde og Kystkultur.no!
Snakkast på fjorden er eit ein-dags undervisningsopplegg for inntil 100 elevar per dag for grunnskulen med kombinasjon av kultur, strandrydding, miljøvern og folkeopplysning. Undervisninga skjer i, ved og på fjorden. På kveldstid inviterer Snakkast på fjorden-gjengen til Kystkulturkveld på biblioteket. Tid/stad og involverte skular/bibliotek:Mandag 26. august Fauskanger skule, Askøy kommuneTysdag 27. august Fauskanger skule, Askøy kommuneOnsdag 28. august Tjeldstø skule, Øygarden kommuneTorsdag 29. august Tjeldstø skule, Øygarden kommune, Øygarden bibliotek på RongFredag 30. august Tjeldstø skule, Øygarden kommune - strandrydding Mandag 2. september Fedje skule, Fedje kommune, Fedje bibliotekTysdag 3. september Fedje skule, Fedje kommuneOnsdag 4. september Byrknes skule, Gulen kommune, Byrknes bibliotekTorsdag 5. september Byrknes skule, Gulen kommune Mandag 9. september Austrheim VGS og Årås skule, Austrheim kommune
Tysdag 10. september Kaland og Årås skule, Austrheim kommune
Torsdag 12. september Manger/Radøy Ungdomskule, Radøy kommune, Radøy bibliotekFredag 13. september Manger/Radøy Ungdomskule, Radøy kommune Mandag 16. september Lonevåg ungdomskule, Osterøy kommune, Osterøy bibliotek på Lonevåg
Tysdag 17. september Lonevåg ungdomskule, Osterøy kommuneOnsdag 18. september Grasdal skule, Meland kommune - strandrydding og datainnsamling
Torsdag 19. september Frekhaug/Meland ungdomskule, Meland kommuneFredag 13. september UNESCO-opningsmarkering/nattevandring til Håøytoppen med Nordhordland Biosfæreområde, Håøya i Meland kommune 16. oktober Knarvik VGS, Meland/Lindås kommune I løpet av 17 skuledagar i august og september var 11 skular i 8 kommunar innom 8 arenaer slik at 1183 elevar (ca 1360 elelvar om ein tel med 16. oktober óg) og vel 60 lærarar fekk vera med på Snakkast på fjorden. Kystkulturkveldane på biblioteket samla totalt omlag 130 personar i alle aldrar. Skuleopplegget rettar seg særleg mot elevar frå ungdomsskulen og mellomtrinnet: segling med havseglarar, roing/segling/fiske med tradisjonsbåtar/andre mindre farkostar, coasteering, padling i kajakk, fiske og arts-gjenkjenning med marinbiologar frå UiB, bærekraftsti og ulike stasjonar på land om miljøvern, plastproblematikk og bærekraftsmåla til FN-sambandet Opplegget er ikkje likt frå dag til dag, i staden kan ein kanskje skildra det som eit omreisande turnéopplegg som vert unikt kvar einaste dag. Snakkast på fjorden deler kunnskap, inspirerer til førebygging og handling, får folk til å sjå muligheiter og etablera løysningsorienterte haldningar. Snakkast på fjorden koplar aktivitet/oppleving/sanseinntrykk med nyfikne/kunnskap/refleksjon. For å halda klimaavtrykket og kostnader låge vektlegg prosjektet kort avstand mellom skule og arena. Arenabruken vert avklart gjennom grundige synfaringar lenge i forkant. Då bidrar fleire av aktørane slik at resultatet vert optimalisert for alle dei ulike stasjonane/aktivitetstypane. Gjennom Snakkast på Fjorden samarbeider mange aktørar om ute-skule og undervisning der kvar einskild elev er aktiv heile tida. Aktørane i prosjektet er ulike, både i storleik, føremål og på andre måtar. Likevel jobbar vi mot felles realisering av lokal berekraftig utvikling og FN sine berekraftsmål. Dette er særleg relevant ved avslutninga av prosjektet som samstundes var opninga av Norges fyrste biosfæreområde i Nordhordland.
Tysdag 10. september Kaland og Årås skule, Austrheim kommune
Torsdag 12. september Manger/Radøy Ungdomskule, Radøy kommune, Radøy bibliotek
Fredag 13. september Manger/Radøy Ungdomskule, Radøy kommune
Mandag 16. september Lonevåg ungdomskule, Osterøy kommune, Osterøy bibliotek på Lonevåg
Tysdag 17. september Lonevåg ungdomskule, Osterøy kommune
Tysdag 17. september Lonevåg ungdomskule, Osterøy kommune
Onsdag 18. september Grasdal skule, Meland kommune - strandrydding og datainnsamling
Torsdag 19. september Frekhaug/Meland ungdomskule, Meland kommune
Torsdag 19. september Frekhaug/Meland ungdomskule, Meland kommune
Fredag 13. september UNESCO-opningsmarkering/nattevandring til Håøytoppen med Nordhordland Biosfæreområde, Håøya i Meland kommune
16. oktober Knarvik VGS, Meland/Lindås kommune
I løpet av 17 skuledagar i august og september var 11 skular i 8 kommunar innom 8 arenaer slik at 1183 elevar (ca 1360 elelvar om ein tel med 16. oktober óg) og vel 60 lærarar fekk vera med på Snakkast på fjorden. Kystkulturkveldane på biblioteket samla totalt omlag 130 personar i alle aldrar.
Skuleopplegget rettar seg særleg mot elevar frå ungdomsskulen og mellomtrinnet: segling med havseglarar, roing/segling/fiske med tradisjonsbåtar/andre mindre farkostar, coasteering, padling i kajakk, fiske og arts-gjenkjenning med marinbiologar frå UiB, bærekraftsti og ulike stasjonar på land om miljøvern, plastproblematikk og bærekraftsmåla til FN-sambandet