Tradisjonsbåt brukt til kappsegling
Av dei norske tradisjonsbåtane er kappseglingsutgåva av Oselvaren på mange måtar yttarleggåande. Det er fartseigenskapane som står i høgsetet under byggjinga av ein kappseglingsoselvar. Dei vert ofte bygd noko skarpare og rankare enn Oselvaren elles.
Måten ein seglar Oselvaren på skiljer seg klart frå andre norske tradisjonsbåtar: båten vert heile tida pressa til det maksimale av kva båten og riggen kan tola og kollseglingar er ein del av spelet, men heldigvis ikkje så ofte. Sportsleg sett er Oselvaren fullt på høgd med moderne jollebåtar og kan by på alle dei utfordringar som ein seglar måtte ynskja seg både når det gjeld teknikk, krav til tolmod i lite vind og fart og spaning i mykje vind.
I dag er det fleire lag med aktive Oselvarmiljø: Austevoll Seilforening, Båtlaget Njord/Tysnes og Milde Båtlag, i tilegg er det også seglarar i Ran Seilforening, Bergens Seilforening og Hjellestad Seilforening. Sesongen varer frå juni til september og ein aktiv Oselvar-seglar kan få med seg omlag 10 regattaer kvart år.
Den største klassen i dag er Spriseglklassen. Der har båtane 8 kvm. sprisegl. Men det vert også segla Oselvarar med bermudarigg med ulike storleikar på segla: 8. 10, 15 og 20 kvm. Det vert arrangert Noregsmeisterskap kvart år.