Vedteker for stiftinga
Vedtekter for stiftinga Johannes Kleppeviks sitt minnefond
§ 1 Etablering
Stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond vart oppretta av Sparebanken Vest i 2002.
Administrasjonsspråket er nynorsk.
Stiftinga si postadresse er Øygarden kommune, Foldnesvegen 1, 5353 Straume.
§ 2 Føremål
Stiftinga sitt føremål er å fremje kystkulturen på Vestlandet.
§ 3 Grunnkapital
Stiftinga sin grunnkapital er på kr. 400 000, - og er plassert på renteberande konto i Sparebanken Vest.
§ 4 Bruk av midlar
Kvart år deler styret for stiftinga ut ein pris, som skal gå til enkeltpersonar, lag eller organisasjonar som på ein framifrå måte fremjar kystkulturen på Vestlandet.
§ 5 Styre
Stiftinga vert leia av eit styre på 5 medlemmer med personlege varamedlemmer.
Styret bør vera samansett slik at det representerer ulike delar av kystkulturen og ei størst mogleg geografisk spreiing.
- 1 medlem (med varamedlem) vert peika ut av familien til Johannes Kleppevik
- 3 medlemmer (med varamedlem) vert oppnemnde av Øygarden kommune
- 1 medlem (med varamedlem) vert vald av styret i Torgdagen i Bergen
Styremedlem (og varamedlem) vert oppnemnd for ein periode (4 år) og kan veljast oppatt for fleire periodar.
Styret konstituerer seg sjølv med leiar og nestleiar. Leiar og nestleiar vert valde for 2 år. Administrasjonen i Øygarden kommune er styresekretariat.
Styret er stiftinga sitt øvste organ. Styret er ansvarleg for at stiftinga vert driven innan gjeldande reglar og forskrifter. Styret er ansvarleg for at stiftinga utarbeider årsmelding og årsrekneskap, og at desse innan utgangen av april året etter, vert sende instansane som oppnemner styremedlemmer.
§ 6 Revisjon
Styret i stiftinga er ansvarleg for å senda årsrekneskapen til ein autorisert revisor for godkjenning.
§ 7 Vedtektsendring - omdanning
Desse vedtektene kan berre endrast slik at det i den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving er fastsett for omdanning av stiftingar.
§ 8 Oppløysing
Ved eventuell oppløysing i stiftinga skal grunnkapitalen tilfalla Øygarden kommune, som disponerer kapitalen i samsvar med § 2 i vedtektene.
Reviderte vedtekter gjeldande frå 01.01.20