2018

vindkraft - årekraft - meistringskraft - bærekraft
I august og september var det skuledag ved, i og på fjorden for over 1100 skuleelevar i 6. - 10. klasse i 11 ulike kommunar.
Prosjektet Snakkast på fjorden 2018 er kome i stand via aktiviseringsmidlar til frilufslivsføremål frå Miljø- og klimadepartementet, løyvd av Hordaland Fylkeskommune. Prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen og Omland Friluftsråd, seglskuta Seladon, Coastering AS, Ragn Sells, FN-sambandet og Kystsogevekene.
Med vinden som drivkraft: Om bord i den 60 fot store seglskuta «Seladon» frå 1937 heiser og trimmer elevane segla, navigerer etter gamle sjømerker og med meir moderne hjelpemiddel og lærer anna sjømannskap. Alt skjer under skipper Einar Matre og hans mannskap sitt kyndige instruksjon.
Med årekraft på vatnet: Med større robåtar får elevene læra korleis å ro, fyrst i takt og deretter med kraft og fart. Langs Norskekysten har roing vore ein svært sentral reisemåte i minst eit par tusen år, men dei siste 60 åra har dette forsvunne. Undervisninga legg vekt på samarbeid, det å møta naturkreftene til sjøs og naturopplevingar når ein glid lydlaust framover. Sjøvante instruktører i kvar båt sørger for tryggleik og opplæring. Mestringskraft i og ved sjøen: Elevane sym, klatrar og hoppar uti fjorden frå svaberg. Vanntryggleik, meistring og miljøfokus står sentralt. Elevane får andre røynsler enn det som skjer i eit oppvarma basseng. Undervisninga vert leia av dyktige instruktørar frå Coasteering AS. Med bærekraft som rettesnor: Med fokus på FN sine bærekraftsmål og plastforureining formidler FN-sambandet i Norge eit globalt miljøperspektiv. Gjennom ulike aktivitetar i strandsona får elevane både læra om berekraftig utvikling, og bidra ved sjølve å utforska ein lokal strandsone for plastforureining. Prosjektet legg vekt på grei tilkomst, naudsynt infrastruktur, gode tilhøve for dei ulike aktivitetane og gode naturkvalitetar. I tillegg til dei nemnde tilbuda samarbeidar prosjektet med lokale aktørar som kan vera med på å utvida tilbudet. Vårt samarbeid med Ragn Sells, Bergen og Omland Friluftsråd og Friluftsrådet Vest gjer at andre skuleklassar óg kan delta på strandrydding same dagen. Målet er at Snakkast på Fjorden 2018 skal vera starten på ein årleg tradisjon under Kystsogevekene som som ber i seg fylgjande element:• Bind saman den offisielle opninga og avslutninga av Kystsogevekene• Involverer mange av dei 22 kommunane som er med i Kystsogevekene• Lagar aktivitetar som brukar sjøen som hovudarena• Rommar naturopplevingar, kulturhistorie, miljøvern og friluftsliv for barn og unge• Skaper meiningsfylte oppdrag for seriøse maritime kulturaktørar• Involverar god samkøyring og ressursutnytting i samspel med andre samarbeidspartnere • Oppnår god medieinteresse og vekkjer ein ny entusiasme for kystkultur Spørsmål/kontakt/påmeldingProsjektkoordinator Grethe Mong-Hansen
gmonghansen@gmail.com / 91 66 26 49
Kontakt heile prosjektgruppa på
post@snakkastpafjorden.no
Tidsskjema
Aktivitetane går føre seg frå ca. 0915-ca. 1330.
Ca. 09:15 Oppstart på stasjonane
Ca. 1100-1130 Matpause og bytte av stasjonar
Ca. 1130 Ny oppstart på stasjonane
Ca. 1330 Oppsamling/avrunding
Arenaer
Mandag 20. august: Helleneset, Bergen
Tysdag 21. august: Ågotnes, Fjell
Onsdag 22. august: Kollevåg, Askøy
Torsdag 23. august: Kollevåg, Askøy
Fredag 24. august: Forlandsvåg, Sund
Laurdag 25. august: Bekkjarvik, Austevoll
Mandag 27. august: Bekkjarvik, Austevoll
Tysdag 28. august: Kråko, Fitjar
Onsdag 29. august: Rubbestadnes, Bømlo
Torsdag 30. august: Mosterhamn, Bømlo
Fredag 31. august: Auklandshamn, Sveio
Laurdag 1. september, Kulleseidkanalen, Bømlo
Tysdag 4. september: Strandrydding på Ånuglo, Tysnes
Onsdag 5. september: Leirvik, Stord
Torsdag 6. september: Leirvik, Stord
Fredag 7. september: Leirvik, Stord
Laurdag 8. september: Leirvik, Stord
Torsdag 13. september, Sunde, Kvinnherad
Torsdag 14. september: Rosendal, Kvinnherad
Laurdag 15. september: Rosendal, Kvinnherad
Dag 1 Helleneset i Bergen
...
Dag 2 Ågotnes i Fjell
...
Med årekraft på vatnet: Med større robåtar får elevene læra korleis å ro, fyrst i takt og deretter med kraft og fart. Langs Norskekysten har roing vore ein svært sentral reisemåte i minst eit par tusen år, men dei siste 60 åra har dette forsvunne. Undervisninga legg vekt på samarbeid, det å møta naturkreftene til sjøs og naturopplevingar når ein glid lydlaust framover. Sjøvante instruktører i kvar båt sørger for tryggleik og opplæring.
Prosjektkoordinator Grethe Mong-Hansen
gmonghansen@gmail.com / 91 66 26 49
Kontakt heile prosjektgruppa på
post@snakkastpafjorden.no
Tidsskjema
Aktivitetane går føre seg frå ca. 0915-ca. 1330.
Ca. 09:15 Oppstart på stasjonane
Ca. 1100-1130 Matpause og bytte av stasjonar
Ca. 1130 Ny oppstart på stasjonane
Ca. 1330 Oppsamling/avrunding
Arenaer
Mandag 20. august: Helleneset, Bergen
Tysdag 21. august: Ågotnes, Fjell
Onsdag 22. august: Kollevåg, Askøy
Torsdag 23. august: Kollevåg, Askøy
Fredag 24. august: Forlandsvåg, Sund
Laurdag 25. august: Bekkjarvik, Austevoll
Mandag 27. august: Bekkjarvik, Austevoll
Tysdag 28. august: Kråko, Fitjar
Onsdag 29. august: Rubbestadnes, Bømlo
Torsdag 30. august: Mosterhamn, Bømlo
Fredag 31. august: Auklandshamn, Sveio
Laurdag 1. september, Kulleseidkanalen, Bømlo
Tysdag 4. september: Strandrydding på Ånuglo, Tysnes
Onsdag 5. september: Leirvik, Stord
Torsdag 6. september: Leirvik, Stord
Fredag 7. september: Leirvik, Stord
Laurdag 8. september: Leirvik, Stord
Torsdag 13. september, Sunde, Kvinnherad
Torsdag 14. september: Rosendal, Kvinnherad
Laurdag 15. september: Rosendal, Kvinnherad
Dag 1 Helleneset i Bergen
Dag 2 Ågotnes i Fjell
Dag 3 Askøy Seilforening / Kollevåg Askøy