Båtane
Baltanskjer - eigd av Hornelen Kystlag
Båten er bygd av Sjur Svåsand, Svåsand i Hardanger, for Anton og Teodor Sandøy, Sandøy i Bulandet. Kolbein Sandøy (son til Anton?) sa at båten vart henta 23. juli 1923. Etter mange år med not ombord, vart båten sett i naust kring 1955. Der sto han til Adolf Skorpeide kjøpte den kring 1970. Båten vart då slept til Florø, der det vart installert maskin og bygd styrehus m/lugar, installert stilk og propell. Fyrste maskina var truleg ein SABB 5-9 (6-12?). Seinare vart der sett inn ein SAB 2G (16 hk)Ein slektning av Adolf, Jack Berg, overtok båten og brukte den m. a. til sauefrakt. Då Jack brått døydde, fann sonen ut at båten skulle avhendast. Vel 30 var interessert i å kjøpe den, men av ymse grunnar fekk (Dag Bjerk) og Vidar Nupen hand om fartyet. Sjekk STP-forum på nettet evt. www.bulandet grendalag for bilde.
Båten var då mykje nedsarva, og sto på land ved Svanøy båtbyggeri. Maskin, aksling, propell og hylse vart teke ut. Og resten var heller ikkje mykje å ha. Båten vart uansett sett på sjøen, sokk ned, vart heva og slept til Florø der Magnus Frøyen og Vidar Nupen tok fatt på gjenoppbygginga. Ei tid var óg Ragnar Kristiansen med. Etter nokre månader med utandørs arbeid, vart båten sett inn i driftsbygninga til Brandsøy planteskule. No vart det arbeidt mest berre om vinteren, så det tok tre år før båten var klar til sjøsetting (2001??).
Arbeid som vart gjort då var mellom anna:
Skifta 15-20 bord, 10-15 spant, ny spegel, ny stamn, lugar, støypt messingventilar, nye dollbord, skvettbord, BB dokk, rull, maskinfundament, hylse, aksling, propell, nyoverhalt maskin (SABB 2G 16 hk (22). SKroget innsett med rå kaldpressa linolje (90 liter!), innvendig smurt med heimekokt blymønje.
Kjølen påbygd i heile lengda, seinka 15 cm bak og 5 cm framme (betre under segl), festa med boltar i RF/fosforbronse, skifta ein del saum, trenaglar, spikar, det er no koparsaum i heile båten (kanskje med unntak av nokre få bak på SB). Nytt ror, kiste, dieseldunk, teleflexstyring.
Etter eit par år utan rigg, vart det lempa ombord 300 kg(?) ballast, og mastra vart reist. Mastra er laga oregonpine. Segl frå Brodersen. Omtrent samtidig vart det montert elektrisk gløding, startmotor og dynamo.
Sognejekta Den Gode Hensigt - eigd av Bergen kystlag
Den Gode Hensigt er ein kopi av Skåsheimsbåten som står på Dei Heibergske Samlingar i Kaupanger. Originalen er frå omlag 1830, bygd av Ola Risen og vart nytta som føringsbåt på garden Skåsheim ved Sognefjorden.På dei store gardane i Sogn hadde dei ei lita jekt, ofte kalla storebåt til vareførsel bygdene imellom og til Bergen.
Den Gode Hensigt er 34 fot og vart bygd i 1992 på AMO-midlar av Bergen kystlag si kursverksemd. Båtbyggar var Nils Olav Solbakken og arbeidsleiar var Georg Gundersen.
Bergen kystlag eig båten og nyttar han til turar og kurs i segling med råsegl.


