GreenKayak til Bergen

29. april var det lansering av GreenKayak i Bergen på Torget i Bergen. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Bergen kommune, Bergen og Omland Friluftsråd, ADO Arena og Stiftinga Kystkultur no!
GreenKayak, eller miljøkajakken på godt norsk, er eit dansk konsept med bakgrunn frå Københamn der publikum får låna ein gratis stødig kajakk mot at dei plukkar boss og postar om dette i sosiale media. Nest etter Hamburg i Tyskland er Bergen utanfor Danmark fyrst ute med å etablera Miljøkajakken.
I Bergen vert det stasjonert ut Miljøkajakkar i Nordåsvatnet, Storelungeren og Eidvåg.