Representantskapsmøtet 2019




Sju nye medlemskommunar, nytt namn og nye vedtekter var noko av det som skjedde på representantskapsmøtet 2019 på Statsraaden Bar på Bradbenken.
Møtet opna ved at kaptein Jens Joachim Hiorth gav ei kort orientering om Statsråd Lehmkuhl. Med over 100 års soge som skuleskip er dette skipet eit kjend syn i fjordane på Vestlandet. Møtet vart deretter opna av reprsentantskapet sin leiar, Per Lerøy.
Årsmelding og rekneskap var fyrste punkt på dagsorden. Dinest stod nye vedtekter for stiftinga for tur. Her var nytt namn, (Stiftinga Kystkultur no!) og sju nye medlemskommunar (Seilje, Eid, Askvoll, Hyllestad, Solund, Modalen og Samnanger) dei viktigaste endringane. (Få dagar etter representantskapsmøtet har óg Fjaler vedteke innmelding i stiftinga.) Etter dette tok møtet ein liten pause for fotografering på dekket til Statsraad Lehmkuhl. Sidan det bles litt vart representantane utstyrt med nytt hovudplagg med høveleg tekst: Make kystkultur greitt igjen!
Etter servering av gode smørbrød fekk dei nye kommunane høve til å presentera seg. Her orienterte kultursjef i Eid kommune, Gerd Fløde Bjørlo, om kystkultursatsingar i Eid og Selje kommune, som frå nyttår går saman i Stadt kommune. Deretter kom det orientering om Askvoll frå ordførar Ole André Klausen før Hyllestad sin ordførar, Morten Askvik, fortalde om satsinga der. Til sist kunne Samnanger-ordførar Knut Harald Frøland lokka med Samningaveka i juni, der han sjølv skulle opptre.
På tampen av møtet var ordet fritt til drøfting av framtida til stiftinga. Her vart det lufta tankar om korleis styret og dagleg leiar bør arbeida målretta for sikra stiftinga sin framtidige økonomiske basis, ikkje minst i møtet med fylkeskommunen seinare i 2019.