Vis bakgrunnsbilde
Den Store Roen 2023  — 
Arrangør: Bømlo Kystlag, Geopark Sunnhordland, Vestland Fylkeskystlag, Kystkultur.no Stad: Kulleseidkanalen
Rotur, Omvisning, Overnatting, Kystlag, Museum, Foredrag
Arrangementet høver for: Born, Ungdom, Vaksne (18+), Eldre



Bømlo kystlag, Geopark Sunnhordland, Vestland Fylkeskystlag og Kystkultur.no inviterer til Den Store Roen 2023. Den Store Roen går av stabelen helga fredag. 4. august til sundag 6. august. Årets rotur skjer i og ved Kulleseidkanalen på Bømlo.

Skisse til tidsprogram:

Fredag kl. 20-21 - servering av fiskesuppe

Laurdag kl. 10 - utror

Laurdag kl. 16 - soga om Kulleseidkanalen

Laurdag kveld - sosialt - kulturelt

Sundag kl. 10 - utror

Sundag ettermiddag - avslutning seinast 1600

 

Hei alle roarar!

Den Store Roen er ein familievenleg rotur som vert arrangert kvart år av eit lokalt kystlag i samarbeid med Vestland Fylkeskystlag. Ruta vert lagt opp etter ver og vind. Dersom veret er godt, kan ein basera seg meir på opnare farvatn og telting. Dersom dersom veret ikkje er så godt, vert ruta lagt til skjerma farvatn og det vert satsa på tak over hovudet i samband med overnattingane.

Roturane i 2023 skjer i området kring Kuleseidkanalen på Bømlo med Bømlo kystlag som vertskap for opplevingar i, aust og vest for kanalen. Du skal få høyra om kanalprosjektet tvers gjennom Bømlo, gruver, krigshistorikk, ulik bruk av Lindøya, Brynjar Stautland frå Geopark Sunnhordland kjem og fortel om putelava i flomålet, ein potetprestpioner og du skal få høyre om mange andre spanande ting som har gått føre seg i området.

Kulleseidkanalen ligg ved Finnås på Bømlo. Kanalen vart ferdigstilt i 1856 for å letta båtane si ferd mellom austsida og vestsida av Bømlo. Kanalen vart utvida og gjort djupare og breiare i perioden 1927-1935. Det er tre kanalar (austre, midtre og vestre kanal). Total lengde for kanalanlegget er 1,7 kilometer.

I dag er kanalen ein liten handelsstad og turiststad, med daglegvarebutikk, bensinstasjon og ei populær gjestehamn. Den Norske Turistforening har planar om å laga kysthytte på Kråkeneset ved Kulleseidkanalen.

 

Praktisk info:

Sjøsetjing av båtar frå tilhengar kan skje på Åreid sag hjå Eirik Aadnanes. Her kan og båthengaren stå partkert heile helga. Her er link til kart. Detaljer kan avtalast med Eirik Aadnanes på telefon 90 01 50 16.

Fortøying av større båtar som vert brukt i samband med slep kan skje i sjølve Kulleseidkanalen. Her er link til kart. Avtal gjerne detaljar med kystlaget sin hamnesjef, Magnar Skålevik på tlf 91 57 46 67.

Fortøying av robåtane skjer i pøylo like ved campingen. Her er link til kart.

Camping: det er tilrettelagd med straum og ferskvatn på campingen like ved kanalen. Her kan du stå med  bil, bubil, campingvogn eller slå opp telt på graset. Her er link til kart. I umiddelbar nærleik er det utstasjonert ei toalettvogn med toalett for både menn og kvinner + tilgang på kaldt og varmt vatn. Like ved er det også ein annan camping/teltplass med meir kapasitet. Her er link til kart.

Butikk: Joker Finnås ligg i gangavstand frå campingområdet. Opningstider: Fredag og laurdag 0800-2000. Her er link til kart.

Serveringsstad: Kulleseidkanalen gjestehamn har kro/pub med skjenkeløyve. Her vert det servering og musikalsk program fredag kveld. Laurdag kveld er det her roarane samlast for kulturelt program. Her er stor restaurant med stor inne- og uterestaurant heilt i sjøkanten. Det er også gjestehamn, bubilparkering, levande musikk, badestrand og leikeplass for barn. Her er link til kart.

Deltakaravgift: 500 kroner som inkluderer eit varmt måltid kvar dag.

Påmelding: https://www.deltager.no/event/denstoreroen2023

 

No får du ta da med ro!

Snakkast på Fjorden!
 
 
Nedanfor kan du sjå filmar frå tidlegare utgåver av Den Store Roen.
 

Last ned Artikkel i Bømlo-Nytt om Den Store Roen Artikkel i Bømlo-Nytt om Den Store Roen



Kulleseidkanalen