Rotur, Omvisning, Overnatting, Kystlag, Museum, Foredrag
Tysnes Kystlag, Solstråleøya Venelag, Vestland Fylkeskystlag og Kystkultur.no inviterer til Den Store Roen 2022. Den Store Roen går av stabelen helga fredag. 12. august til sundag 14. august. Årets rotur skjer i Godøysund på Tysnes.
Hei alle roarar!
Den Store Roen er ein familievenleg rotur som vert arrangert kvart år av eit lokalt kystlag i samarbeid med Vestland Fylkeskystlag. Ruta vert lagt opp etter ver og vind. Dersom veret er godt, kan ein basera seg meir på opnare farvatn og telting. Dersom dersom veret ikkje er så godt, vert ruta lagt til skjerma farvatn og det vert satsa på tak over hovudet i samband med overnattingane.
Roturane i år skjer i området kring Godøysund på nordsida av Tysnes, med Solstråleøya som base og utgangspunkt for eventyr mellom smale og grunne sund. Du skal få høyra om ein spanande engelskmann og kong Olav sin fyrste eigedom i Noreg, østersproduksjon, drukning på 1700-talet, hotelldrift og hotellbrann, skottehandel, arkitektur, kolerakyrkjegard, sakrale stadnamn, kyrkjeveg i gamal tid og mange andre ting som har gått føre seg i området.
Tidsprogrammet i korte trekk:
Fredag
Parkering av bilar/tilhengar og sjøsetjing av båtar i Lunde på Tysnes (vaktar frå Tysnes kystlag er tilstades og hjelper til), roing frå Lunde via Koløysundet til Solstråleøya. Kjem du sjøvegen kan du fortøya ved Solstråleøya eller i Godøysund. (Nokre båtar vil ha avgang frå Oselvarlaget sitt naust på Osøyro fredag klokka 1700 - sjå denne linken for parkeringsinfo på Osøyro.) Kl. 2000: velkomst ved naustet på Solstråleøya og deretter servering av lapskaus. Ca. Kl. 2200: kveldsroing i mørket til Småsundet der det vert ro-inn-kino. Overnatting i telt på Solstråleøya.
Laurdag
Roing til østerspollen på Lite-Godøy, roing gjennom Småsundet, strandhogg på Vetla-Gøy, fotografering frå Godøysund bru, roing inn i Middelhavet, strandhogg for hotell-historie, roing gjennom Middelhavet, under brua til Marholmen, passering av Tytebærholmen og strandhogg ved Dukaneset, strandhogg i Gunnarsvikjo og vandring til Kyrkjestølen og kyrkjestaden på Tysnes. Servering av fiskesuppe. Returrotur til Solstråleøya. Det vert tent grillar der du kan grilla det du har lyst på. Kulturelt og sosialt i amfiet på kvelden.
Sundag
Avgang frå Solstråleøya. Passering av Skatetongen, Jonaholmen, Pittersholmen. Runding av Store Godøy . Strandhogg og lunsj på Fluøyane, Lyngøya eller Veesøyane. Strandhogg på Erleholmen. Servering av gryterett på Solstråleøya og avrunding. Roing attende til Lunde (og Osøyro).
Påmeldingsavgifta, 500 kr, dekkjer lapskaus på Solstråleøya fredag, fiskesuppe på Tysnes laurdag og gryterett på Solstråleøya sundag. Øvrig mat må deltakarane syta for sjølve.
Påmelding:
Snakkast på Fjorden!

