


Seglas, Kurs, Fisketur, Omvisning, Båttur, Rotur
Arrangementet høver for:
Born, Ungdom
Kvernbit IL, Kystkultur.no og Alver kommune inviterar til sumarskule med roing og segling tradisjonsbåt på Lygra.
Bli med på ei kjekk og spennande veke på Lygra. Liker du å vere på sjøen og har lyst å prøve både roing og segling, så er dette kurset for deg. Med base og samarbeid med Lyngheisenteret på Lygra skal me ut på Lurefjorden i solide tradisjonsbåtar og til lunsj gjer me strandhogg på holmar i nærområdet. Du lærer om tau og knutar og ikkje minst får prøva korleis vinden virkar som drivkraft når me segler. I løpet av veka skal me både bada og fiska og kanskje kan fangsten verta ein ekstra god lunsj.
Aldersgruppe: 5.kl-10.kl
Plass: 16.stk - obs deltakarar må kunne symje.
Oppmøte: Lygra
Påmeldingsskjema finn du hjå Alver kommune:
For spørsmål: kontakt Kjell Magnus Økland, 95 04 67 39, post@kystkultur.no
Utstyr: Ta med eigen flytevest (me har eit fåtal vestar til utlån)