Vis bakgrunnsbilde
Sumarskule med robåter - demokrati - likestilling - FN  — 
Arrangør: Kystkultur.no, FN-sambandet i Bergen Stad: Hordamuseet
Rotur, Aktivitetsløype, Natursti, Undervisning
Arrangementet høver for: Born, Ungdom



FN-sambandet og Kystkultur.no inviterer til fire dagers sumarskule med uteaktivitet og samarbeid. Aldersgruppe 10-16 år. Det trengst ikkje forkunnskap. Me held på frå 0930-1430 på Hordamuseets strandsone.

Gjennom tematiske utandørs aktivitetar vil deltakarane heile tida samarbeide under rettleiing frå vaksne, og øva på læring gjennom å støtta kvarandre. Dei skal utforske biologisk og kulturelt mangfald på sjø og land, og dei får oppleva alt som ein heilskap.

 

Mesteparten av tida er deltakarane i tradisjonelle robåtar eller ved sjøen. Alle får låne flytevester. Resten av tida utforskar dei naturen og kulturlandskapet eller løyser gruppeoppgåver. Me vil òg setje av tid til å sitje kring leirbålet og snakke saman.

 

I løpet av dei fire dagane får deltakaane gradvis meir valfridom.

 

Dette er tema og metodar som me vil ta i bruk

Læra å ro som medlem i eit lag, bli båtvante - ro i takt

Rollespel om organisering og likestilling
Demokrati og samarbeid om å nå FNs tusenårsmål
Utforsking av biologisk mangfald i sjøen, naturen og kulturlandskapet på land
Måle klimagassutslepp og finna ut av det økologiske fotavtrykket
Samtaler rundt leirbålet
Høve til bading og eigenaktivitet

Er vèret dårleg kan me vere under tak. Kurset er klimanøytralt, og deltakarane vil dermed sjølv bidra til å nå FNs bærekraftsmål.

 

Stad:

Hordamuseets strandsone på Stend i Fana. Bybanen til Lagunen og buss 10 min vidare.

 

Påmelding og meir informasjon

Send påmelding til: vest@fn.no

 

Transport og kollektivtrafikk til og frå Stend:

Det er godt med parkeringsplassar for bil på området. Du kan også gå eller sykle frå Lagunen.

Kollektivtrafikk: Ta Bybanen til Lagunen og buss nr. 60, 61 eller 64 vidare.

Fra busstoppet Stend er det ein kort spasertur forbi landbruksskulen og ned til museet.

 


Hordamuseet