Vis bakgrunnsbilde
Forbundet KYSTENs råseglseminar 2023: Råseglet på Oselvaren  — 
Arrangør: Vestland Fylkeskystlag, Oselvarverkstaden, Forbundet KYSTEN, Kystkultur.no Stad: Hordamuseet
Seminar, Seglas, Kystlag, Omvisning, Foredrag
Arrangementet høver for: Vaksne (18+)



I løpet av andre halvdel av 1800-talet møter råseglet stadig sterkare tevling frå det meir moderne spriseglet og dei fleste byter ut råseglet til fordel for spriseglet. Dette ombytet skjer såpass tidleg og er så omfattande at me i dag ikkje har så god kunnskap om råseglet på Oselvaren. Seminaret vil difor freista å koma nærare inn på råseglet og skroget, for segling og roing. I løpet av seminaret skal ein mellom anna sjå nærare på festemåtar for ståande og løpande rigg. Seglfasong - høgde, bredde oppe og nede - kva avgjer og kvifor er segla så trapesforma? Finst det tommelfingerreglar ein kan lena seg på? Seminaret skal òg sjå nærare på duktypar og tauverk - og ikkje minst finst det noko originalt kjeldemateriale som kan fortelja meir? Det detaljerte fagprogrammet er under utarbeiding og vert kunngjort når seminaret nærmar seg.

Råseglseminaret er eit ambulerande fagseminar der fagmiljøet studerer tradisjonelle bruksbåtar. Seminaret fungerer som dugnadsforskning og er den fremste møtestaden for alt frå lokale kystlagsentusiaster, kulturvernarar og museer til dei beste råseglarane, handverkarane og forskarane på feltet. 

 

På seminaret vil det delta eit tosifra tal råseglrigga båtar i ulike storleikar - færingar, seksæringar, åttringar, brugdebåt og enda større råseglsrigga båtar. Fleire av deltakarbåtane har nysydde segl. I god råseglsseminartradisjon vert det både praktiske øvingar på fjorden og gode drøftingar på land.

 

Praktisk info

Seminaret skal gå føre seg på Hordamuseet og på Fanafjorden i Bergen. Stader som seminaret vil gå føre seg på og ved Hordamuseet: Båthallen, Tøsdalsløa, Mjelkevika, nausta ved Bjorvika og Fanafjorden, kaféen og undervisningsrommet i museumsbygget. 

Max deltakartal: 45 personar.

Tilkomst: folk som reiser med Bybanen til/frå Flesland eller Bergen sentrum kan transporterast mellom Lagunen og Hordamuseet med bil.

Matstell: måltid på land vert servert og inntatt i kafeen. Det vert kjøpt inn brødmat til frukost, lunsj og kvelds. Middagar: betasuppe/lapskaus, fiskebasert mat, poteter, kjøttkaker, ertestuing og grønsaker, gryterett/ris.

Overnatting: kan skje i Ambrosiahuset, Tøsdalsløa eller i telt på området.
Andre overnattingsalternativ: internatet på Stend VGS, Stend Scandic hotell Kokstad, Fanafjorden Hytteutleie på Salbu ut mot Krokeide eller privat innkvartering.

Påmelding: https://www.deltager.no/event/raaseglseminaret2023 
Påmeldingsfrist: 31. august

Deltakaravgift: 1500 kr

 

Torsdag 7. september
15-17 Ankomst/registrering/velkomst
16-17 Mat: brødmat
1700 i auditoriet i Båthallen:
Velkomsthelsing frå Bymuseet i Bergen
Presentasjon av arrangørane, Hordamuseet, Båthallen og museumsområdet
Praktisk info under råseglseminaret ved Kjell Magnus Økland

17-20 Kort omvisning i Båthallen fokus på Oselvaren v/Stig Salbu Henneman og Kjell Magnus Økland, omvisning ute, sjøsetjing, opprigging og båtbruk utpå
På stranda i Mjelkevika: Kort presentasjonsrunde av deltakarane, båtane og båteigarane på seminaret
Utpå fjorden: deltakarane gjer seg kjent med indre del av Fanafjorden
20-21 Mat: middag betasuppe/lapskaus

21-22 I auditoriet i Båthallen:
Eldar Heide: Råseglet på Oselvaren – kva lurer me på?
Uformell drøs etterpå

Fredag 8. september
08-09 Frukost: brødmat + smørjing av niste til lunsj
09-10 Morgonsamling i auditoriet i Båthallen:
Frode Bjøru: Det vestnorske råseglet sør for Stad - stor variasjon på små avstander
Kort diskusjon
Praktisk info om dagens gjeremål utpå fjorden

10-15 Opprigging, segling på Fanafjorden, matpakkelunsj utpå/strandhogg på Stendaholmen
Roing vs kryss med råsegl/sprisegl
Roing vs slør råsegl/sprisegl
Roing vs lens råsegl/sprisegl
Stagvendingar med råsegl
Råsegl vs sprisegl: Slør, kryss, lens
Segling kring trekantbane på bøyar på fjorden

15-16 Fortøying/landsetjing i Mjelkevika
16-17 Mat: middag med fiskebasert mat
17-20 Seminar i auditoriet i Båthallen:
Oselvarverkstaden: bygging og rigging av åttringen Harald + bruk av alnastaven i båtbygging + oppmåling av båtar og auka forståing på Oselvarverkstaden

Thomas Due Sivertsen: Vestland Fylkeskystlag og planar for åttringen Harald

Fanafjorden Tradisjonssegling: presentasjon av Fanafjorden Tradisjonssegling og røynsler frå segling med råsegl frå Hordamuseet sidan 2012

Kai Linde: ein kontrast til Oselvaren sin råsegltradisjon: råseglet på Nordlandsbåten

20 Kveldsmat: brødmat + middagsrestar frå torsdag
21 Oppsummering av dagen i auditoriet i Båthallen
Atle Knutsen: Den nye redaktøren i Tidsskriftet Kysten presenterer seg
Kystkulturell underhaldning og uformell drøs

Laurdag 9. september
08-09 Frukost + smørjing av niste til lunsj
09-10 Morgonsamling i auditoriet i Båthallen
Kjell Magnus Økland: Finst det tommelfingerreglar kring rigging av råsegl og sprisegl på Oselvaren og kva er i så fall dei?
Kort diskusjon

Praktisk info om dagens gjeremål med måling på land og oppgåver utpå fjorden

1000-1130 Måling av segl og rigg, skrog, tofter og keipar på land
1130-1200 Opprigging, klargjering
1200-1230 Matpakkelunsj utpå/strandhogg på stranda i Mjelkevika, alt etter kva som høver
1230-1530 Segling utpå med startlinje og drone/timelapsefilming og retur til lands
1530-1600 Landsetjing og nedrigging av båtar

16-17 Middag på museet poteter/kjøttkaker/ertestuing og grønsaker
17-20 Seminar i auditoriet i Båthallen:

Kjell Magnus Økland: Råsegl, sprisegl, bermudasegl og andre segltypar brukt på Oselvaren.

Thomas Johnson og Jan Tufteland: Brugdebåt frå Austevoll – brugdefangsten -  ekstremsport anno 1750-1850

Terje Planke / Tore Friis Olsen / Eldar Heide: Tryggleik i tradisjonsbåt
Debatt og diskusjon

20 Kveldsmat + middagsrestar frå fredag
21 Oppsummering av dagen
Bjarte Vestøl: På rotur til Finland med Oselvarfæring
Kystkulturell underhaldning med skrøner og uformell drøs

Sundag 10. september
08-09 Frukost
09-12 Føremiddagsøkt i Båthallen med diskusjon, oppsummering av kva me har lært, presentasjon av forskningsdugnaden, evaluering og forslag for neste års seminar.

12-13 Avslutningsmåltid – eta opp alle restar – ryddetid - heimreise
 
I tillegg vert det
- utstilling av gamle originale råsegl
- 25 utstilte båtar i båthallen til Hordamuseet
 

Praktisk info i samband med båtbruk
Båtane vert sjøsett og landsett frå stranda i Mjelkevika. Det vert laga til lause ludnar og båtane kan enkelt setjast opp på graset og det kan spikrast nokre båtkrakkar. Dei største båtane kan fortøyast i bøye eller på svai ved bryggja til museet.

Sikring/mediabåt: innlånt Pioneer Multi III (17 fot) med 30 HK/rattstyring.
Leggja ut bøyer til startlinje og bane sør for Stendaholmen.
På sjøen: ha bærbare VHF-radio i kvar båt for god kommunikasjon på fjorden. Kommunikasjon på avtalt VHF-kanal. (Flott om deltakakar som har bærbar VHF tar med dette.)

 

Med atterhald om endringar. 

 

Koordinator for arrangementet

Kjell Magnus Økland

post@kystkultur.no
www.kystkultur.no
+47 95 04 67 39



Hordamuseet