
Gudsteneste, Kystpilegrimsleia
Arrangementet høver for:
Born, Ungdom, Vaksne (18+), Eldre
Velkommen til Olsok-gudsteneste Olsok i Orre gamle kyrkje!
Orre gamle kyrkje er det eldste bygget på Jæren og er ei langkyrkje i stein frå 1250 i Klepp kommune, Rogaland fylke. Kyrkja ligg ikkje langt frå sjøen, og Orrestranda ved Nordsjøen. Truleg stod sjøen høgare i mellomalderen, slik at båtar kunne leggja til helt inne ved kyrkja. Orre gamle kyrkje var soknekyrkje for Orre fram til 1950, da Orre kyrkje på Pollestad (Orre sentrum) vart bygd.


Orre gamle kyrkje