
Klubbmøte, VSK Terminliste
Blanda fysisk og nett-arrangement Vis nett-arrangement
Planleggingsmøte om Bergen Seilfestival avholdes i Bergen Seilforening torsdag 24. mars kl 19:00.
Innkalling til alle involverte i Bergen Seilfestival.
Det blir planleggingsmøte i Bergen Seilforening sine lokaler torsdag 24. mars klokka 1900.
Tema på møtet vil bli Bergen Seilfestival og korleis me saman kan laga eit best mogleg utstillingsvindauge for seglsporten i juni.
Sakliste:
1. Info om landareal for festivalen i Bergen sentrum
Som kanskje nokon har lese i artiklar i Bergens Tidende så er det eit uklart ansvarsforhold mellom kommunen, havnevesenet og Havrommet. Dette har ført til at det har vore vanskeleg for Vestland Seilkrets å kunne publisera god informasjon om Bergen Seilfestival. På møtet vil det bli orientert om status i saka.
2. Info om startkontigent og havneleige
Det vert informert om prinsipp for prising av startkontigentar og hamneleige.
3. Gjennomgang av tidsplan
a) tidsplan for planlegginga fram mot juni - laga møteplan
b) tidsplan for sjølve festivalen
4. Kommunikasjon utad om Bergen Seilfestival
Førebels har Bergen Seilfestival kun ei enkel underside på seilkretsen si heimeside som responderer på domenet www.bergenseilfestival.no. Det vert informasjon om korleis vidare publisering av invitasjon, seilingsbestemmelser, påmelding og annan info er tenkt.
5. Status på roller, ansvar og oppgåver
Gjennomgang av dei ulike klubbane sine oppgåver, og status hjå ulike flåtekapteinar for utfordringar i samband med logistikk/transport.
Det vil bli høve til å delta på møtet digitalt:
https://us02web.zoom.us/j/
Me vil likevel sterkt oppfordre til å stilla fysisk i Bergen Seilforening.
Helsing
Kjell Magnus Økland og Harald Thomsen


Bergens Seilforening