Vis bakgrunnsbilde
Sjøsportveko  — 
Arrangør: Båtlaget Njord/Tysnes Stad: Njordstø
Seglas, VSK Terminliste, Kurs, Båttur
Arrangementet høver for: Born, Ungdom



Sjøsportveko har vore arrangert av Båtlaget Njord Tysnes i ei årrekkje. Sjøsportveko er for born i alderen 8 - 14 år. På Sjøsportveko får ein prøva sigling med joller og større båtar, padling i havkajakk, sjømannskap, sjøvett og vannsport. I tillegg blir det tid til bading for dei som har lyst til det.

Sjøsportveko blir i år arrangert Mandag - Fredag i veke 29. Kl 1000 - 1500 kvar dag. 

Meir detaljert informasjon vil bli sendt ut etter påmeldingsfristen.

NB: Påmeldingsfristen er 31 mai kl 1600!

For påmelding og reservasjon fyll ut detaljar om deltaker og føresette på registreringsskjemaet på denne sida. Felt merka med * er påkrevd. Reservasjon kostar 200 pr deltaker. I tillegg kjem deltakeravgift på 1000 kr som blir fakturert veka før Sjøsportveko.

Deltakeravgift inkluderer, frukt kvar dag, grillmat og drikke på fredagen. Dersom du ynskjer at barnet dykkar skal bli medlem i Båtlaget Njord/Tysnes kryss av for dette i påmeldingskjemaet. Årskontingent for junior er kr 200,-

Merk: Me legg også i år opp til eit begrensa antal deltakarar på 20 born grunna Covid19. Då det er vanskelig å spå smittesituasjonen og nasjonale restriksjoner lyt me ta forbehold om at Sjøsportveko kan bli avlyst. Om så skulle skje vil reservasjonsavgift minus gebyrer bli refundert.

Sjøsportveko er det lagt opp  ut frå alder og ferdighetsnivå. Deltakarane vil bli delt i  grupper på bakgrunn av alder/erfaringsnivå. 

Alle deltakarar på Sjøsportveko må vera symjedyktige.

Primærmålet for læring er å gi borna mestringsfølelse og samtidig ha det gøy. Vår målsetting med Sjøsprtveko er å gi born eit godt fundament å byggja vidare på i Sjøsportens fantastiske univers. 

Velkomen til nokre flotte dagar på fjorden.

 

 



Njordstø