Vis bakgrunnsbilde
Sumarskule med roing og segling på Mastrevik  — 
Arrangør: Kystkultur.no, Kvernbit IL, Austrheim kommune Stad: Mastrevik kai
Seglas, Kurs, Fisketur, Omvisning, Båttur, Rotur
Arrangementet høver for: Born, Ungdom



Kvernbit IL, Kystkultur.no og Austrheim kommune inviterar til sumarskule med roing og segling tradisjonsbåt på Mastrevik.

Bli med på ei kjekk og spennande veke på Mastrevik. Liker du å vere på sjøen og har lyst å prøve både roing og segling, så er dette kurset for deg. Med base og samarbeid med ungdomsklubben på Mastrevik kai skal me ut på fjorden i solide tradisjonsbåtar og til lunsj gjer me strandhogg på holmar i nærområdet. Du lærer om tau og knutar og ikkje minst får prøva korleis vinden virkar som drivkraft når me segler. I løpet av veka skal me både bada og fiska og kanskje kan fangsten verta ein ekstra god lunsj.

 

Her kan du melda deg på

 

Her finn du timeplan for veka

Aldersgruppe: 5.kl-10.kl

Plass: 16.stk - obs deltakarar må kunne symje. 

Oppmøte: Mastrevik kai

For spørsmål: kontakt Kjell Magnus Økland, 95 04 67 39, post@kystkultur.no

Utstyr: Ta med eigen flytevest (me har eit fåtal vestar til utlån)

Last ned Timeplan / praktisk info Timeplan / praktisk info



Mastrevik kai