Aktivitetsløype, Natursti, Omvisning, Vandretur, Sunnivaseglas
Vi ønskjer alle velkommen til å delta saman med Selje skule på undervisning om FNs berekraftsmål, inkl. litt strandrydding, ute på Selja. Møt opp i Selje sentrum ved Klosterbåten. Du betaler sjølv bilett på båten.
FN-sambandet i Bergen har utvikla eit unikt opplegg for uteskule, som vi gjerne vil tilby til fleire enn skuleelevar. I seg sjølv er det både berekraftig og eit klimanøytralt opplegg. Gjennom aktiviteserande oppgåver, inkl. litt strandrydding med sortering og analysering av plastforureining, som til slutt vert lagt inn på nett til bruk i forsking.får deltakarane både læra om berekraftig utvikling, og bidra med å utforska ein lokal strandsone for plastforureining.
Ta med eigen mat og drikke og gjerne eit sitteunderlag, og sjølvsagt klede etter veret.
Opplegget passar for born og vaksne i alle aldrar.
Retur til Selje sentrum klokka ca. 1315.